top of page

Om oss

Familievenleg campingplass nær Byrkjelo sentrum.
Panoramautsikt mot Eggenipa.

Byrkjelo camping har hytter i fleire storleikar og prisklasser.

 

Campingplassen tilbyr romslege oppstillingsplassar med fast underlag, og straumuttak for vogner og bubilar. Separat plenareal for telt utan straumtilkopling nede ved elva.

 

Fellesbygget inneheld sanitærrom, kjøkken, vaskeri og opphaldsrom. Vi har kiosk i resepsjon og ved basseng i høgsesong. Kort gangavstand til daglegvarebutikk, lokalmatbutikk, bakeri, bensinstasjon og kaféar.

​

Dette er eit flott ferieanlegg for barnefamiliar, med stort uteområde, leikeplass, grillhytte og bålplass. Også veleigna for vaksne, som ynskjer å utforske den storslagne Nordfjordnaturen, eller berre slappe av i solveggen.

Campingplassen har eige badeanlegg med stor solterrasse, oppvarma symjebasseng og plaskebasseng for dei minste. Dette er ope dagleg i skuleferien. Det er inngongsbillett til anlegget.

​

Byrkjelo og omegn har mange flotte merka fotturar. Alt frå lette turar på grusveg i slakt terreng, til toppturar. Informasjon om desse får du i resepsjonen. Vår kommune, Gloppen, har mange flotte og interessante attraksjonar. Nordfjord folkemuseum, Holvikjekta og fleire andre kulturhistoriske objekt. Ein spasertur i Fjordlandsbyen Sandane eller den tilhøyrande Trivselsskogen med Fosseteateret bør også være på programmet.

​

Det er godt ørretfiske i området, informasjon får du i resepsjonen, der du også kan kjøpe fiskekort.

DSC00999.jpg
bottom of page